|
Her finn du nyhende frå bygda, særleg frå bygdeutviklingslaget, samt lenker til ymse lokale nettsider.

|
|
Deltaking i Naturarven-prosjekt
|
Klima i endring?
Laurdag 9. januar 2010 var det ny temadag i Breimshallen.
Nokre av innleiarane sine powerpoints er tilgjengelege under :
Innleiarar:
Leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget
Erling Sande
Professor ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
Atle Nesje
Leiar av Norges Miljøvernforbund.
Kurt Oddekalv
Professor kjemisk institutt, Universitetet i Bergen
Olav Kvalheim
Møteleiar Hans Jakob Reite
Kulturinnslag v/ Ole Andreas Førde
Matpause
Les meir om programmet og innleiarane her (PDF).
|
|
Uttaler om kraftutbygging
Breim Bygdeutviklingslag har blitt bedne om å gje uttale om nokre kraftutbyggingar.
Nedanfor til orientering uttalene om Nydalen i Førs (2007), Sandalsfossen/Timbra (2009) og Strupen (2009)
Vonar dei kan vere til nytte for andre.
Spørsmål rettast til saksansvarleg i BB, Ola Bergheim - balo@online.no
Førde i Jølster (Førs) (2007):
- Uttale til NVE frå Breim Bygdeutviklingslag om veg (PDF, 0,5 MB)
- Hvem har ansvar for verdensarven (Forskning.no) (PDF, 0,1 MB)
- Kulturhistorisk leksikon om Myklandsstøylen, Nesstøylen, Ryssdalsstøylen, Årdalsstøylen (PDF, 1,3 MB)
Sandalsfossen / Timbra (2009):
- Følgebrev
- Uttale til NVE frå Breim Bygdeutviklingslag om utbygging av Sandalsfossen og Timbra (PDF, 1 MB)
- Vedlegg 1 - Utdrag frå støylsprosjekt og handbok (PDF, 0,5 MB)
- Vedlegg 2 - Prinsipielle syn på friluftsliv og universelt tilgjenge i støylslandskapet (PDF, 0,1 MB)
- Vedlegg 3 - SMIL-søknad Svartebotnen 2007 do og bru (PDF, 0,1 MB)
Breim kraft (2009):
- Uttale til NVE om dei foreløpige utbyggingsplanane til Breim kraft og krav til vidare utgreiing (PDF, 0,1 MB)
Strupen i Myklebustdalen (2009):
- Uttale frå Breim Bygdeutviklingslag om småkraftutbygging i Strupen i samband med anke på opprinneleg søknad (PDF, 1,7 MB)
Opprinnelege dokument, henta frå NVE sine nettsider:
- Strupen konsesjon 2009 (PDF)
- Strupen Bakgrunn for vedtak (PDF, 17 MB)
- Strupen Vassdragskonsesjon (PDF, 0,3 MB)
|
Eit varmare og villare Breim
|

Suksessen frå i fjor fortset med ein ny kalender som no er ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim og omegn. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg, og vart sist oppdatert tysdag 5. juni. Turistinformasjonen på Byrkjelo opnar nypussa laurdag 9. juni kl. 12:00, og alle er velkome til å ta turen innom!
Sjå kalenderen her
Heimeside: www.breim.net/2007
|
|
Spennande entrepenørskap i barnehage og skule
Teina hønseri var første barnehagebedrifta i landet. Elevbedrifta Natur, kultur og media ved Gloppen ungdomsskule har og utmerka seg, m.a. ved å blir beste elevbedrifta i fylket nyleg.
Lærarane ved desse bedriftene har teke vidareutdanning i entrepenørskap og laga spennande prosjektoppgåver.
Breim.net har fått løyve av forfattarane til å legge oppgåvene ut på nettsida vår. Vi meiner dette er svært gode døme på korleis læring, næring, oppleving og samarbeid med foreldre og lokalsamfunn kan kombinerast.
Vi håpar at Gloppen kommune kan lage ein kommunal entrepenørskapsplan for barnehagar og skular og på andre måtar oppvurdere og styrke dette arbeidet. Forsking viser at dei som er med i bedrifter i skuletida også oftare startar bedrifter som vaksne.
Prosjektrapport elevbedrift, interpretasjon og geoturisme (5 MB)
Teina hønseri: forside (65 kB) - rapport (570 kB)
|

Breim bygdeutviklingslag inviterar til temadag; Breimsbygda inn i framtida - trivsel og næring. Det skjer i Breimshallen laurdag 6. januar kl 11.00 - 16.00.
Sjå plakat med program her (PDF)
Les óg artikkelen i Firda Tidend onsdag 3/1 (PDF - 1,3 MB):
"Kjem på temadagen til Breim bygdeutviklingslag".
|
Les meir om saka her
|

Sukseeen frå i fjor fortset med ein ny kalender som no ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim og omegn. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg, og vart sist oppdatert mandag 10. juli.
Sjå kalenderen her
Heimeside: www.breim.net/2006
|
Breimstorming i Påska
I påska var det "Breimstorming" torsdag 13. april kl. 14:00 i Breimshallen. Målgruppa var dei som ikkje hadde høve til å vere med Breim si deltaking i på framtidsverkstaden i januar; hovudsakleg ungdom i alderen 15-35 år.
Referat
Firdatidend.no
|
Breimstorming i Påska
I påska vert det "Breimstorming" torsdag 13. april kl. 14:00 i Breimshallen. Målgruppa er dei som ikkje hadde høve til å vere med Breim si deltaking i på framtidsverkstaden i januar; hovudsakleg ungdom i alderen 15-35 år. Det vert mat etter møtet, og undervegs lovar Solgunn Sårheim og Synnøve Veien mange overraskingar.. Arrangørar er Breim BU og Breim Bygdeutvikling.
Kjem du?
Firdatidend.no
Firda.no
Plakat
|
|
Framtidsverkstad i Breimshallen

Breim si deltaking i bygdeutviklingsprogrammet bygger på ein søknad frå våren 2004. Den kan du lese her.
Målet med framtidsverkstaden 13.-14. januar er at alle breimningar skal bli inspirerte til å arbeide vidare med ting dei brenn for, anten dei er nemnde i søknaden eller ikkje.
Elevar frå idrettslina syter for barnepass i Breimshallen (salen oppe) begge dagar s.a. småbarnsforeldre også kan delta.
Plakat
Innkalling og program
|
Årets dataparty i Breimshallen er i gong, og i år er det rekordmange påmelde. I år kan du også følje datapartyet live på webkamera.
Heimeside: www.blan.no
|

Ein ny kalender er no ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim / Gloppen. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg. Sist oppdatert mandag 27. juni.
Sjå kalenderen her
Heimeside: www.breim.net/2005
|
|
Haustmarknad 17. og 18. september

Fredag 17. og laurdag 18. september vert det Haustmarknad på Fjordhestgarden. Sjå plakatane for meir info.
Plakat: haustmarknad
Plakat: motorshow
|
Kva er det 4H-arane driv med? Kva er det kjekkaste i 4H? LEIR! I år er det landsleir i Seljord i Telemark frå 7.-14. august. Føl landsleiren"live" på Eggenipa 4H sine heimesider. Daglege bilete og rapportar.
Heimeside: Eggenipa 4H
|
I midten av juli opna det nye bassenganlegget på Byrkjelo Camping.
Bassenget held 25 grader, og er ope frå 10:00 - 18:00 kvar dag. Ved spesielt fine dagar er bassenget ope til 20:00.
Bassenget kjem til å vere ope ut august.
Les meir og sjå bileta på heimesida til Byrkjelo Camping.
Heimeside: www.byrkjelo-camping.no
|
|

Årets Byrkjelo Games, som no heiter Byrkjelo Talent Games har ein mindre profil enn tidlegare større arrangement. Utan tv-dekning får ein ikkje store sponsormidlar,
og utan store sponsormidlar er det ikkje muleg å lage eit stort stemne. Men det vart stemne i år, og go` veret var på plass. Resultat og bilete frå årets games finn du på heimesida til BBIL.
|
|
|
Neste bygdekino er komande mandag, 2. desember. Første film er Spirit - Hingsten frå Cimarron. Denne filmen handlar då om ein hest, muligens også fleire hestar.
Film nr.2 er ein actionfilm. `xXx` er ein ny type superagent, ein slags ekstremsportens James Bond. Og 20:00 er det hans tur å slå seg laus.
|
Sandal Gardsturisme har fått nye heimesider, på både norsk, engelsk og tysk.
Dei har 5 flotte hus og hytter til utleige, og aktivitetar som tradisjonsbaking, garnfiske og støylstur for dei besøkande.
Les meir og sjå bileta på heimesida.
|
Mandag 29. april er det bygdekino igjen. Kinoar ute i distrikta kjem som oftast ein del seinare enn i byane, men
bygdekinoen er denne gongen igjen først ute i kommunen med ein ny toppfilm. "Istid" (7 år) er den nyaste data-animerte
teiknefilmen. Med strålande kritikkar og norske stemmer ved Dagfinn Lynbø, Otto Jespersen og Sven Nordin er dette ein film som
er vel verdt ein kikk for både små og store.
|

Behind Enemy Lines (15 år)
Ein amerikansk pilot vert skutt ned over fientleg territorium.
Mens han er på flukt og tida renn ut, prøver hans overordna å omgå vanlege
reglar og få i gong ein redningsaksjon.
Istid:
FilmWeb
og IMDb
Behind Enemy Lines:
FilmWeb
og IMDb.
|
|
Søn. 7 apr 2002: Piaf kabarét
Fekk du ikkje med deg framsyninga av Piaf-kabareten med breimskoret og Sigrid Moldestad som strålande solist idag?
Fortvil ikkje, det vert framsyning også neste Søndag, altså 14. april. Dette er verkeleg noko å få med seg.
|
|
"Monsterbedrifta" og "The Fast and the Furious" på kino komande mandag
Komande Mandag (4. mars) er det bygdekino igjen. Første film på plakaten er "Monsterbedrifta"
[ les meir ].
Dette er ein dataanimert film på linje
med Toy-Story og Småkryp for både små og store. Vi møter monstera som held til under senga og i skapet
ditt. Ein dag kjem ved uhell ei lita jente inn i verda deiras og alt blir snudd opp ned.
Film nummer to er ein thriller/actionfilm med fart, spenning og mange feite bilar. Du kan lese meir
om "The Fast and the Furious" på Filmweb.no.
|

Man 4. feb 2002: Eggenipa 4H på web
Eggenipa 4H har fått sine eigne websider. Dei er forholdsvis enkle endå, men vi skal lage noko "finare" seinare.
Etter kvart skal vi og få lagt ut nokre bilete frå diverse leirar og arrangement.
http://www.breim.net/4h/
|
Tor 10. jan 2002: Bygdekinoen
No på mandag skulle eg på bygdekinoen
og sjå "Don't Say A Word".
Eg vart overraska over å finne ut at eg var einaste som kom. Neste gong (Mandag 21. jan) er
det Ringenes Herre som står på plakaten og då kjem det nok fleire.
Heilt nederst i lenkene til høgre er lenker til dei to kinoane i gloppen.
|
|
Lau 05. jan 2002: Bilete frå idrettsklubben
|
|
15. okt 2001: BLAN overstått

Det tredje BLAN har vore arrangert, og som vanlig var det litt større enn forgjengaren.
Det var 12. - 14. Oktober, og vi hadde ein Playstation 2 som folk kunne prøve,
før den vart lodda ut til en av deltakarane. Det var og utlodding av nokre andre premiar, pluss
premiering i konkurransar. Eit litt utslitt crew synest arrangementet var vellykka. :-)
Sjå bileta ifrå årets dataparty her.
|
|
16. Sep 2001: BLAN i haustferien
Det vert eit nytt BLAN i haustferien.
Etter to vellukka blan arrangement dei siste to åra har vi endeleg fått lagt blan
til ein ferie. Då vert det to døgn med speling, minikino og konkurransar. Det går også rykter om
at det blir anledning til å prøve ein Playstation2 på storskjerm under lanet...
Du kan melde deg på her
|
|
01.06.01: Bilete frå BLAN
|
|
13.11.00: BLAN er ferdig!
BLAN er overstått, og det gjekk fint.. Tid for neste BLAN er ikkje bestemt,
men det er berre å glede seg...
|
|
3.11.00: BLAN
BLAN forberedingane er i full gong.
1,5 MBit internett er bekrefta og vi har 67 påmelde og det kjem nye kvar dag :)
2.11.00: Ny Framside
Kristoffer Joachim Sivertsen har laga eit nytt design for breim.net
25.07.00: Hovedsidene til BreimByte blir begynt på:
Vår fine nye startside er født.
Fra no av blir den liggande her, og er stadig under utvikling..
22.07.00: Breim Vilt og Fiskelag snart på nettet
Breim Vilt og Fiskelag
sine sider, som vi har arbeida med ei god stund, er endelig begynt
å bli ferdige, og vi rekner med at dei kjem på nettet ein av dei
første dagane.
Byrjinga av.06.00: BreimByte starta
BreimByte blir født, og etablert i Stadionbygget på Byrkjelo.
BreimByte er: Øystein Veien, Jan Rune Bjørkelo,
Odd Rune Strømmen og Livar Bergheim.
Vi jobber med webdesign, og IKKJE med å skrive resultatlister for BBIL :D.
Vi skal og ha ansvar for det årlige "BLAN" ilag med
Breim Ungdomslag.
|
Skjul gamle nyhende
|
Sist endra: Torsdag 13. mai 2010 17:05
|