Teina hønseri var første barnehagebedrifta i landet. Elevbedrifta Natur, kultur og media ved Gloppen ungdomsskule har og utmerka seg, m.a. ved å blir beste elevbedrifta i fylket nyleg.
Lærarane ved desse bedriftene har teke vidareutdanning i entrepenørskap og laga spennande prosjektoppgåver.
Breim.net har fått løyve av forfattarane til å legge oppgåvene ut på nettsida vår. Vi meiner dette er svært gode døme på korleis læring, næring, oppleving og samarbeid med foreldre og lokalsamfunn kan kombinerast.
Vi håpar at Gloppen kommune kan lage ein kommunal entrepenørskapsplan for barnehagar og skular og på andre måtar oppvurdere og styrke dette arbeidet. Forsking viser at dei som er med i bedrifter i skuletida også oftare startar bedrifter som vaksne.
Prosjektrapport elevbedrift, interpretasjon og geoturisme (5 MB)
Teina hønseri:
forside (65 kB) -
rapport (570 kB)