"Gloppen er toppen" er eitt av slagorda friidretten her brukar. Både med tanke på naturtoppane, oppvekstmiljøet og dei idrettslege målsetjingane. Om NM-99 og tidlegare nasjonale og internasjonale arrangement her i Gloppen står det mykje elles på denne heimesida.
Men visste du at:
Gloppen er ingen stor kommune i landssamanheng, knapt 6.000 innbyggarar. Når kommunen likevel ligg stabilt i landstoppen både når det gjeld utøvarar og arrangement har det nokre hovudforklaringar:
  • Eit tradisjonsrikt og allsidig idrettsmiljø. Halvparten av innbyggarane er medlemmer i idrettslag.
  • Organiseringa: Gloppen Friidrettslag (GFIL) er overbyggingsklubb på jr. og sen. nivå for dei fem moderklubbane Breimsbygda, Brodd, Hyen, Fjellhug/Vereide og Sandane Turn & IL (STIL). Moderlaga er fleiridrettslag som dekker heile kommunen med basis i skulekrinsar. Alle ungar får gjennom idrettsskular o.l tilbod om grunnopplæring. På jr/sen-nivå samarbeider laga for å kunne tilby spesial-oppfylging som dei er for små til å makte åleine.
  • Idrettslina ved Firda vgs som feirar 20.års-jubileum i år. Dei fleste av GFIL sin topputøvarar går/har gått her. Tre av lærarane har m.a. sjølve deltatt på hovud-NM. Lina legg vekt på eit breitt idretts-og friluftslivstilbod i tillegg til friidrett og meiner allsidig idrettsbakgrunn i denne alderen er viktig uansett idrett.

Eit døme frå lagsavisa som er viktig for idrettsmiljlet:

1969-årgangen slo til på hovud-NM -93.
Frå venstre: Arne Indrebø (gull spyd),
Ole Morten Mardal (sølv lengde),
Kjell Ove Hauge (gull kule, bronse diskos)
  • dei fekk den grunnleggande opplæringa i kvart sitt moderlag (høvesvis Breimsbygda, STIL og Fjh/Vereide)
  • samtrening og spesialoppfylging på jr./sen.-nivå i overbyggingsklubb, på 1980-talet i Breimsbygda Friidrettslag, på 1990-talet i GFIL
  • dei gjekk i same klasse på idrettslina ved Firda vgs
  • dei tok alle høgare idrettsutdanning etterpå. Ole Morten er i dag sjølv lærar på idrettslina ved Firda vgs. Arne og Kjell Ove har tilbakeført kunnskap når dei har vore heime som instruktørar t.d. i sbd med Norsk Idrettsveke som GFIL står bak
  • på denne måten oppstår ein "god sirkel" av miljø, kompetanseoppbygging og tilbakeføring.
Under NM-99 må Gloppen setje sin lit til jentene, t.d.1000 m stafett:

Kan gull-laget frå jr.-NM på Byrkjelo Stadion i 1997 klare medalje i år?
(f.v.)Maria Ommedal, Cecilie Rise, Ingeborg Ødven, Kristin Roset.

Individuelt må glopparane setje sin lit til jentetrioen Cecilie Rise i lengde og tresteg, Kristin Roset på 800 m og Elin Isane i diskos, kule og spyd. Og vone på gledelege overraskingar td. frå Bodil Hjelmeset i spyd og Odd Bjørn Hjelmeset på 3000m hinder
Når det gjeld opplysningar om Gloppen generelt finn du ulike lenker her