- miljølaget som gjekk nye vegar -

Breimsbygda Friidrettslag (1982-1988) var ei samanslutning av friidretten i Breim IL og Indre Breim IL. Laget gjekk inn i det nye Breimsbydga IL, saman med Breim IL og Indre Breim IL i 1989.

Reidar Moldestad, Helge Raad og Svein Førde var leiarar i den 7-årige perioden,medan Eivind Indrebø og Magnus Willumsen var sentrale i lagsutviklinga.

Frå barneidrett til junioridrett
"Breimsbygda-perioden" vart svært utviklande for friidretten i Gloppen og for heile fylket. Gjennom Breimsbygda FIL tok friidretten i fylket steget opp frå å vere eit typisk barneidretts- og rekrutteringsfylke, til å ta vare på og føre utøvarane opp i junioralder.

Laget nådde mange gode sportslege resultat, med bl.a. 6 noregsmeistrar for junior, og medaljar i kvart junior-NM.

Nær alle utøverane nådde også eit høgt nasjonalt nivå som seniorar, dei fleste representert gjennom Gloppen FIL (skipa 1990). Laget markerte seg også som fylket sitt beste stafettlag for herrar i fleire år.

Miljølag med ny lagsfilosofi
God treningsoppfølging, nye treningsmodellar, tilføring av kunnskap, og godt miljø, var stikkord for den sportslege suksessen i BBFIL. Laget markerte seg spesielt som eit sterkt miljølag med bl.a. eiga lagsavis, eige lagskor, miljø- og treningssamlingar, og ikkje minst med eige høgskuletilbod i samarbeid med lærarskulen i Sogndal. Gjennom grunnfag i idrett på Byrkjelo tok 8 av utøvarane idrettsutdanning, noko som kom utøvaren sjølv tilgode, og som tilbakeførte trenarressursar til Gloppen friidretten i mange år etterpå.

Medaljeoversikt frå Noregsmeisterskap Breimsbygda Friidrettslag
1982 Benedikte Indrebø NM-jun 100 m Gull
1983 Benedikte Indrebø NM-sen 100 m Sølv*1
1983 Benedikte Indrebø NM-jun 100m Gull
1983 Benedikte Indrebø NM-jun 200m Gull
1984 Jan Rune Hetle NM-jun Høgde Bronse
1985 Magnus Kleppe NM-jun Lengde Bronse
1986 Bård Sandal NM-jun 400m hekk Gull
1986 Oddny Grete Raad NM-jun Diskos Sølv
1987 Breimsbygda FIL NM-jun 1000m.staf. Gull*2
1987 Bård Sandal NM-jun 400m.hekk. Gull
1988 Arne Indrebø NM-jun Spyd Gull*3
1988 Breimsbygda FIL NM-staf. 4x100m. Bronse

*1: Norsk juniorrekord - 100m kvinner - 11.76 sek
*2: Meisterskapsrekord - 1000m.staf. menn - 1.57.32 min.
*3: Norsk juniorrekord - Spyd, menn - 67.72 m.


Artikkelen om BBFIL er skriven til jubileumsskriftet til SFFIK. Skrive av Magnus Willumsen, sentral både i utviklinga av BBFIL og seinare GFIL og Norsk Idrettsveke. Til dagleg lærar på idrettslinja ved Firda vgs.