
Laurdag 14/8
Det vart timelong fellesstopp på Gol før me satte vidare. På ferja var og nokre ut og strekte beina (på stolplassane i ferja). Og i skrivande stund passerar me Kaupanger.
Fredag 13/8
Mange vakna i sekstida, då ein voldsom vind sette inn. For min eigen del var teltet plassert den _riktige_ vegen, så heile teltet fungerte som ei stor vindfelle.
Sogn og Fjordane Alumnklubb (SOFA) spelte volleyball mot Telemark. Dei fekk eit overtak med siger i første settet, og overrumpla motstandarane med teknikkar som 'sauseflokk', 'soltaktikk' og 'spel død', samt hyppige timeouts med etepause der både motstandarane og dommar og linjekvinne vart bestukne med snop. Trass i dette tok Telemark sigeren i dei beste to setta.
Seinare spelte SOFA mot Østfold i bronsefinalen, og vi vann. I år vart det Telemark og Nord-Trøndeleg som møtte kvarandre i finalen. Støtta av eit ein aktiv heiagjeng vart det Telemark som drog sigeren i hamn.

SOFA sitt volleyball-lag i alumnturneringa.
Utover kvelden var det ein times underhaldning frå klokka åtte. Etter ein times avslutningsseremoni (dvs. prisutdeling) var det tid for siste avskjedar med vennar frå leiren. Frå eitt-to og utover natta reiste fylke på fylke, og Sogn og Fjordane sine tre bussar sette av garde ca. halv seks.
Torsdag 12/8
I dag er det volleyball som står på programmet. Dei innleiande rundene starta 09:30, og slik det er no (11:10) ser det ut til at vi kjem vidare med eitt, og kanskje to, av dei fire laga vi stiller. I tillegg til dette stiller vi med eitt alumnlag. Stay tuned!
Dei fire laga Sogn og Fjordane stiller med konkurrerte i kvar sine puljer. S&Fj 3 og 4 vart slegne ut. Det same gjeld for 1 og 2 óg - dei vart slegne på målstreken. Siste kamp i puljane deira vart avgjerande. Men alumnlaget er fortsatt med vidare til finalane.

Volleyball-lag Sogn og Fjordane 1

Volleyball-lag Sogn og Fjordane 2
Generalsekretæren i Norske 4H (frå og med forrige laurdag), Jon, tok turen innom tunet vårt og slo av ein prat. Han kunne fortelje at det ikkje er berre dei lokale bedriftene som er glade for auka omsetnad. Bygdefolket har og gjeve godord om ungdommen som er på leiren. Det har vore svært lite (ingenting?) tjuveri her på leiren, og ikkje noko alvorleg bråk. Dei fleste har funne ut at vasskrig er morro, og at det er ein fin måte å flørte på..
I kveld vert det konsert kun for deltakarane på 4H-leiren med Equicez, ei norsk hip-hop/rap gruppe som har hausta toppkarakterar på musikkanmeldingane av debutplata si.

Opp me henda! f.v. Cast og F'EM One i Equicez.
Onsdag 11/8
Dag to med aktivitetar. Eg deltok på tur til Nissedal der vi bada i naturens badeanlegg, eit flott område med jettegryter. Bortsett frå litt kort tid (3t) grunna nærare to og ein halv times reisetid, var det ikkje noko å utsette på denne turen! Bilete kjem..
Utpå kvelden, rett før programmet klokka åtte, var det omkamp i tautrekkinga. Laget vårt slo Rogaland lett, og gjekk vidare til kamp mot Oppland. Det var ein jamn kamp, men rykketeknikken og fotfesta feila, og Oppland vann..
Heimesida var også oppgradert til nytt design i dag. Dette er ikkje kome heilt på plass endå (gjestebok f.eks.), men dette kjem etter kvart. Det får vere måte på å bruke tida til data når ein er på leir ;)

Marknadsført som naturens eige badeland - jettegrytene i Nissedal.
Tysdag 10/8
I dag og onsdag er sett av til aktivitetar, og ein får ein aktivitet pr dag. Totalt er det 41 aktivitetar å velje mellom. Sjølv har eg hamna på 'leiravis'. Denne aktiviteten viste seg å vere "leir-nettavis".
Leir-nettavisa er i gong, og vi som er i første gruppe er i ferd med å publisere artiklane våre. Du kan lese artiklane her.
Vidare stilte Sogn og Fjordane i dag med folk til å ause oppi middagen, som i dag var kjøttkaker og poteter i brun saus med surkål og tyttebærsyltetøy (eg fann fort ut at surkål ikkje var det mest populære). Kent Øystein hadde gleda seg til kjøttkakene i to dagar no (eg mistenker kjøttkaker i brun saus for å _kanskje_ vere livretten hans..).
I dag har det og blitt ei dugandes økt med oppdatering på nettsida. Endeleg er det komne inn bilete - og fleire kjem.
Nytt design til sida er også i kjømda (du må innrømme at den ikkje ser særleg bra ut, sjølv om den fungerar..). Du kan få eit sniktitt på designen her. Tilbakemeldingar mottas med takk.

Endeleg kom ein verdig tunportal på plass.

Sogn og Fjordane sitt tautrekkingslag. Med ein imponerande rykke-teknikk drog dei Rogaland lett over ende. Men etter beskyldningar om at den fremste frå S&Fj sitt lag heldt ei hand lenger framme enn dei hadde lov til, vert det omkamp i morgon. bak f.v. ?, Alexander, Ole Kristian, Åge, Kim, Annette Holvik, Jorunn-Marie. framme f.v.: Jan Erik, Geir og ?.

Alex i det han rundar kanten av Magasuget i Sommarland

Felles frukost i tunet. Her smør vi oss også niste til lunsj.
Diverse presselenker
Vest-Telemark Blad 10/8