:framside
    :fiskekort
    :fiske
    :bilder
    :styret


Les Firda Tidend onsdag 20/9-06:
Side 1    Side 5

Last ned dokumenta her:
Word (1 MB)    PDF (800 kB)


Epost frå Breim vilt og fiskelag:

Til
Hovudmottakarar:

Sogn og Fjordane politidistrikt, Landbruks- og matdepartementet; Miljøverndepartementet,


Breim vilt- og fiskelag har på styremøte 17.09.2006 vedteke å politimelde Direktoratet for naturforvaltning for miljøkriminalitet.

Vi har sett på Sogn og Fjordane politidistrikt sine meldingsskjema på nett, men fann at dette var ei så spesiell sak at det var vanskeleg å bruke eit standardskjema.

Vi har i staden valt å kalle det ei "politi- og politikarmelding" og grunngjev dette slik innleiingsvis i vedlagde dokument:

"Breim vilt- og fiskelag melder med dette DN for miljøkriminalitet fordi DN i si avgjerd om fellingsløyve for oter i Gloppenelva ikkje har tatt omsyn til gyte-og oppvekstområda for storaure. Gyte- og oppvekstområda for storauren i Breimsvatnet har nasjonal verneverdi på linje med dei nasjonale laksevassdraga ifylgje DN si eiga handbok.. Vi krev DN sitt vedtak oppheva. Vi syner til nærare utgreiing i punkt 1.

Når det gjeld presedens for DN sitt juridiske og økonomiske ansvar viser vi til at fylkesmannen i Oppland nyleg opprettheldt pålegg til Oppland energi om årleg utsetjing av 5000 2-kg storaure av stadeigen stamme i sbd med ei vasskraftregulering sjølv om det ikkje kunne påvisast skade på storaurestammen.

I Breimsvatnet er det er brukt over 1 million kroner på utfisking og andre tiltak for å betre tilhøva både for nærings- og sportsfiske i vatnet siste 10-årsperioden. Vi vil difor i analogi med fylkesmannen sitt vedtak i Oppland be om at eventuell bot DN blir pålagt blir øyremerka fiskekultiveringstiltak i Breimsvatnet.

I og med at det er DN som blir meldt, er det meir enn ei vanleg politisak. Vi har merka oss at Landbruks- og matdepartementet (LD) og Miljøverndepartementet (MD) nyleg har sendt ut eit fellesskriv om praktisering av rovviltpolitikken.

Vi har difor sett politi og MD og LD i fellesskap som hovedadressatar for dette skrivet.

Vi ber om at departementa og politiet i fellesskap gjer dei nødvendige tiltaka overfor DN.

Breim vilt-og fiskelag vil om nødvendig gje ytterlegare opplysningar og vitneprov."

Breim vilt- og fiskelag vonar denne framgangsmåten kan aksepterast i denne spesielle saka og ber om snarleg tilbakemelding på det.



Til;

Andre: Direktoratet for naturforvaltning , Norske lakseelver , Norsk innlandsfiskelag, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune; Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag, Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag



Breim vilt- og fiskelag meiner DN sine vedtak har så store konsekvensar for grunneigarar og lokalsamfunn sine rettar til fritids- og næringsfiske at vedtaka må opphevast, konsekvensane nærare utgreiast, og klårare retningsliner vedtakast politisk.



Vi konkluderer med at dei hovudpunkt og underpunkt vi har tatt opp samla sett gjev grunnlag for å krevje ei ny forvaltningsordning av oter etter mønster av rovviltforliket i stortinget i 2004.



Vi sender vi dette som eit felles orienteringsbrev til dei instansar og organisasjonar som dette mest vil vedrøre anten som direkte partar eller fordi dei har dette som særlege arbeidsområde innan forvaltning, politikk og på grunneigarsida.


Breim vilt- og fiskelag er som dei fleste mindre vilt- og fiskelag frivilleg organisert og dugnadsbasert. Vi har difor ikkje tid og ressursar til å fylgje opp dei omfattande problemstillingane vi reiser i vedlagde politi/politikar-melding. Vi vonar imidlertid at vi har klart å sannsynleggjere at problemstillingane er vesentlege slik at ansvarlege organ med tid, økonomi og spesiell fagkompetanse og ansvar går vidare med desse punkta.




Byrkjelo 20.09.2006

For Breim Vilt- og fiskelag

Ola Bergheim

(leiar vassdragssona)

918  BreimByte 2001-2006